
Dugnad
Påmelding
Klikk på lenka for å melde deg på: Påmelding til dugnad på Tørfest 😊
Tid: 4-5 Mai, kl. 10:00-17:00
Lokasjon: Tørfest, 400-500 meter før Krokstrandveien 51
Dugnadsarbeid: Planting av 6200 drueplantar, startskotet på vineventyret !
—————————————————————————————————
Tid: 11-12 Mai, kl. 10:00-17:00
Lokasjon: Tørfest, 400-500 meter før Krokstrandveien 51
Dugnadsarbeid: Planting av 3500 fruktrer, startskotet på sidereventyret!
Praktisk info
Ta med gode høge arbeidssko/støvlar, hanskar, arbeidsklede. Det vil bli servert noko enkel mat og drikke, men ta med sjølv om du har spesielle ynskjer. Om det er enkelt for deg å ta med spade, så gjer det! Elles har me truleg det utstyret som trengs.
Parkering
Parking kan vere litt kronglete viss det blir mange biler, så samkøyring anbefalast viss mogleg. Elles er det god plass om ein kan gå i 10 min.
Det er fare for å bli sleten og veltrent. Me set pris på all hjelp me kan få :)
Me kjem til å jobbe kvar helg i april og mai, så det er berre å kome mellom 10:00-17:00 lardag og/eller søndag.
I april vert hovudfokuset å klaregjere jorda for planting av grønsaker, fruktrer, druer og bær.
Me skal grave over 10 000 hol og lage 4-5000 kvadratmeter med grønsakshage. I mai skal me plante ut 6200 drueplantar, 3500 fruktrer, 1500 bærbusker, 6000 jordbærplantar, 1200 kg settepoter, 12000 mais, samt mykje fleire grønsaker.
Dugnad Galleri








