Bestill frukt og grønt
I år er ambisjonen å ha bær, grønsaker og frukt til salgs 😊
Dette er vår 2. vekstsesong og fleire av plantane visar gode teikn på avling!
Me har ikkje nytta kunstgjødsel eller sprøytemidlar, kun 100% naturlege midlar og er i prossess med økologisk godkjenning.
Kva kan eg bestille med heimlevering?
Juni-August
Kasse med 10 kg jordbær.
September-Oktober
Kasse med 10 kg frukt og grønt i september-oktober.
Pose med 10 kg poter.
Kasse med 20 kg epler.
Frøepletrer - sjå antal under
Korleis kjøpe?
Send mail til eivind.flatlandsmo@gmail.com med ønska bestilling.
Tidspunkt
Her må litt fleksibilitet aksepterast, då dette er vår fyrste avling og me er usikre på kor mykje som blir modent samtidig. I tillegg er det ferieavvikling i juli. Ved heimlevering avtalar me direkte med deg og finn eit tidspunkt som passar.
Disclaimer
Ved stor interesse, så kan me ikkje garantere at det er nok til alle, så fyrste mann til mølla! I tillegg kan jo avlinga går skeis..
Lokalproduserte jordbær
6700 jordbærplantar vart planta ut i fjor. Våre jordbær vekst opp i eit miljø med eit aukande mangfald av plantar, direkte solskin med UV-lys og utan sprøytemidlar, kunstgjødsel og vatningsanlegg. Dei må klara seg heilt sjølve. Dette gjev robuste bær som veks i tempoet dei sjølv bestemmer. Me trur me lagar dei beste bæra.
I år blømer mange plantar og det ser ut til å bli grei avling i juni-august.
Kjøp
Me kjem til å sette opp bod langs vegen på Tørfest.
Vil du bestille heimlevering på 10 kg til Oslo/Asker og område mellom Son og Oslo/Asker, så ordner me det!
Total pris levert heim: for 10 kg: 1500 kr.
Ta kontakt per mail: eivind.flatlandsmo@gmail.com
Tidspunkt
Her må litt fleksibilitet aksepterast, då dette er vår fyrste avling og me er usikre på kor mykje som blir modent samtidig. I tillegg er det ferieavvikling i juli. Ved heimlevering avtalar me direkte med deg og finn eit tidspunkt som passar.
Årets Epler
Me har mange kjente sortar som alle bêr kart, mellom anna Raud Aroma, Discovery, Discover Rosette, Fillippa, Summerred. Me kjem til å selge ferske epler når dei modnar i september-oktober. Bestilling på 20 kg kan heimleverast.

Årets grønsaker
Pota
Pao Voss seier med pota for potet.
I år har me dei deilige sortane Cerisa og Carolus. Bakt Cerisa med oliven olje, salt, rosmarin og timian er dei deiligaste potene me har smakt!
Three Sisters
Urfolk i sentral- og nordamerika er kjent for å ha planta mais, bønner og squash ilag. I år testar me å gjere det same. Ein rådande modell mange har om korleis plantar fungerer, er at dei konkurrerar om næring, vatn og lys.
Nyare forskning visar at plantar frå ulike plantefamiliar har eit utmerka samarbeid og hjelp kvarande meir enn dei konkurrerar. Korleis kunne urfolka i sentral- og nordameriak vite det?
Det spirer og gror hjå oss, men hausten vil vise om me får avling. Mykje skal stemme for at det blir god avling.
Jordskokk
Jordskokken er ein robust plante, som liknar på solsikker når dei blømer - dette fordi dei er i same slekta, nemleg Helianthus.
På same måte som for poteter, så er det rotknollane me brukar i matlaging.
Me opplev jordskokken er på veg opp og fram, etter å ha vore ukjent lenge. Det er ikkje utan grunn at restaurantar brukar denne gode planten. Visste du forresten at dette er ein fleirårig urt? Gjort rett, kan du plante denne planten ein gong, og hauste i mange år.
Modnar på seinhausten, oktober/november.
Lilla Gulrot
I år har me planta mange tusen lilla gulrotfrø. Me håpar på god vekst og at me kan tilby dette til hausten.
Epletrer frå frø
Me sel epletrer frå frø som er 2-3 år gamle. Då er dei blitt 20-50 cm over bakken.
Dette er robuste trer som ikkje krev vatning eller støttesystem, men tar fort 3-10 år før dei gjev frukt. Men med litt stell, så går ting litt fortare.
Dette blir store og vakre trer, men dei kan beskjerast og trenast til ynskja storleik.
Kan passe perfekt i hagar og parkar, eller for ein bonde som ynskjer å integrere frukttrer i beite?
Det er ein fordel å passa på at trea ikkje vert gnaga på av mus rundt stamma, så me anbefalar stammebeskyttar.
I tillegg vil dette vere ein heilt eigen genetisk kombinasjon som ikkje finst i verda. Det betyr at du kan namngje eplene akkurat det du vil.
Me sel miniumspakkar på 5 trer som kan sendast i posten.
600 kr for 5 trer
1000 kr for 10 trer
8000 kr for 100 trer
Om du ynskjer fleire, ta kontakt, så finn me ut av det.
Dette er barrotsplantar.
Tidspunkt
Haust 2025: Oktober-November.
Vår 2026: Mars/April.