Blog Post 1 - Grønsakshagar
Eit av måla for 2024 er å produsere og selge grønsaker for sjølvplukk, og kanskje til restaurantar og privatpersonar - gitt at me får det til! Dette har me aldri gjort før, men det kan jo og gå bra!
Me har lært så mykje me kan frå bønder verda over gjennom bøker, podcasts, forskingsartiklar og youtube videoar. I tillegg har me fått prakisk erfaring dei siste 3-4 år med uttesting hagane til foreldra våre samt me har lært litt av eit søskenbarn som driv økologisk grønsaksproduksjon på Voss. Men det noko anna å få til det til sjølv, på litt større skala enn me har gjort før. Kvar gard og jord har og sine stadeigne utfordringar og moglegheiter, dette har me fått kjenne.
Hovudinspirasjonen vår for grønsakshagane er Richard Perkins. Han er ein person vel vert å utforske om du er interessert i landbruk.