
Farming with Nature
Ein vin- og sidergård i emning
Eijos byggjer ein regenerativ vin- og sidergård i Sylvaskogen på Tørfest, Vestby kommune. Ambisjonen er å produsere kvitvin og eplesider i verdsklasse.
Prosjektet har konvertert ca 70 dekar skog og hogstfelt til matjord. Det tilsvarer rundt 10 fotballbanar. Eit produktmål over tid er å produsere rundt 100 000 flasker eplesider og most samt 30 000 flasker vin årleg.
Dette er eit innovasjonsprosjekt støtta av Innovasjon Norge.
Regenerativt Landbruk
Globalt bidreg jordbruksystemet til 25-35% av heile verdas utslepp. Verda må til netto null seinast i 2070 (Samset, Bjørn H., (2021), 2070) for så forsette å fange enorme mengdar karbondioksid frå atmosfæren.
Jordbruk har potensialet til å drive karbonfangst og lagring i stor skala. Dette samtidig som me restaurerer økosystem samt produserer fantastisk mat og drikke!
Det vil alltid vere mykje me ikkje veit, og meir forsking må til. Me meiner derimot at me veit nok til å vite at dette er riktig retning.
Vårt bidrag til ei grøn framtid
Me set ambisjonen og jobber etter den. Like mykje eller meir avling per areal av høgare kvalitet enn dagens konvensjonelle metodar, samtidig som me fangar og lagrar karbon.
Metodane skal vere praktisk gjennomførbare, skalerbare og lønsame for bonden.
Dette skal me utvikle undervegs. Me har lite tid å miste og mykje spennande i vente.
STØTTET AV
Vestby Kommune
Sylva
SAMARBEIDSPARTNARAR
Ringi Gård
Dyre Gård
BIDRAGSYTARAR